Tornehekken
I undervisningsopplegget ligg det konkrete tips til korleis du kan tilpasse arbeidet til elevar i klassen din frå Ukraina. Spør deg sjølv om du kan pedagogisk grunngi oppgåvene dine osb., ut frå eit fleirkulturelt/fleirspråkleg perspektiv. Bruk gjerne denne rettleiinga til lærer/tospråkleg lærer som hjelp.
Tips: Dette undervisningsopplegget inneheld fleirkulturelle perspektiv til nytte for lærar/tospråkleg lærar. Dei fleirkulturelle perspektiva er markerte med raudt og blir opna/blir lukka ved å klikke på teksten fleirkulturelt perspektiv.
Relevante kompetansemål Trekk saman Utvid
Samfunnsfag (SAF01‑04) for 5.-7.trinn
- reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
Norsk (NOR01‑06) for 5.-7. trinn
- beskrive, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål
Fleirkulturelt perspektiv
Introduksjon Trekk saman Utvid
Tornehekken er basert på den franske barneboka Florian og Malene av Elzibieta. Boka er gitt ut på norsk hos Cappelen forlag (1994), men er ikkje i sal lenger. Den finst likevel på mange av folkebiblioteka i landet. Filmen fekk heiderleg omtale av juryen under barnefilmfestivalen i Berlin, 2002. Regissøren seier sjølv at ho hadde Balkan i tankane då denne filmen blei produsert: Korleis kunne ein forklare for barn at naboar bokstaveleg talt drep kvarandre?
Sjølv om denne konflikten er over, høyrer og ser mange barn dagleg om krigar andre stader i verda. Men ofte på premissane til vaksne. Anita Killi har derfor ønsket å klargjere eit vanskeleg tema på barns eigne premissar.
Animasjonsfilmen er laga i multiplanteknikk, med opptil 10 glasplater på hyller over kvarandre. På ulike glasnivå ligg bakgrunnar, forgrunnar, cutoutfigurer, teikneanimasjon, lys, glitter, sand, gelé, dopapir og diverse andre objekt. Dette dannar det biletet som blir avfilma - ei og ei rute - av eit filmkamera som heng i taket og peikar nedover. Det tok totalt 22 månader å lage denne filmen.
Handlinga
Florian og Malene er bestevenner. Kvar dag møtest dei og leikar saman. Men ein dag kjem krigen, og dei to vennene får ikkje lenger treffe kvarandre. Dei er på kvar si side av krigen...Tornehekken hindrar dei i å møtast. Begge vennene undrast om dei har gjort noko gale, sidan dei ikkje kan leike meir. Men vennskapen overlever krigen, og historia ender godt.
Fleirkulturelt perspektiv
Denne filmen kan med andre ord vekke sterke kjensler hos alle barn, men særleg kan det vekkje traumatiske minne og overveldande kjensler hos barn som direkte har erfart krig. Det er derfor svært viktig at du som lærer tenkjer nøye gjennom korleis du vil leggje opp arbeidet med denne filmen slik at du legg til rette for at barn frå Ukraina kjenner seg tryggje til å uttrykkje det som kjennes vanskeleg, men også det som kan vere gode kjensler som å ha komme seg i tryggleik. Eit råd er å samarbeide med tospråkleg lærar som kan morsmålet til eleven. Eleven bør få høve til å uttrykkje seg på eige morsmål og du kan leggje opp til at barnet får teikne erfaringane sine osv. Mindre grupper kan fungere, og ei tilråding er å snakke med både eleven og foreldra til eleven i forkant av filmen slik at du får eit inntrykk av situasjonen til eleven. Barn frå Ukraina vil også ha ulike erfaringar med krigen, frå det å ha vore vitne til forferdelege handlingar til å ikkje ha sett noko direkte vald, men likevel har erfart svært vanskelege hendingar som det å ha reist frå heimen sin, lokalmiljøet sitt, venner osv.
Det er ulike tema å gripe tak i knytta til denne filmen som kan vere relevant å utvide i eit fleirkulturelt perspektiv (sjå generell rettleiing: til dømes B.A.I.A og identitetspuslespelet): identitet og tilhøyrsel, flytting, flukt, familierelasjonar, brot, tap og vennskap.
Refleksjonar etter filmen Trekk saman Utvid
Fleirkulturelt perspektiv
- Kva handlar denne filmen om?
- Kvifor trur du filmen heiter Tornehekken?
- Kven handlar han om? Kva slags forhold har dei to harepusane til kvarandre?
- Kva hugsar du best frå filmen? Kvifor det?
- Kvifor får ikkje dei to vennene leike saman når det blir krig? Forstår dei dette sjølv? Er det nokon som forklarer dei det? Forstår du det?
- Korleis går det med pappaen til Florian? Kjem alltid pappaene tilbake frå ein krig?
- Kvifor krigar ein eigentleg? Er det ein lur måte å løyse konfliktar på, synest du? Korleis kunne det vore gjort i staden? Kva kan du gjere for at det ikkje skal bli krig i verda?
- Høyrer du ofte om krig? Eller synest du det er noko som ikkje vedkjem oss som bur i Noreg?
- Veit du om nokon på skulen din som har opplevd krig? Snakkar de saman om dette? Kva kan vi gjere for å hjelpe dei som har hatt slike vonde opplevingar?
- Veit du om nokon stader i verda der det er/har vore krig?
- Når var det sist krig i Noreg? Kjenne du nokon som har opplevd denne krigen? Kanskje du kan få dei til å fortelje deg litt om dette?
- Hadde denne historia vore annleis viss det hadde vore menneske i hovudrollene og ikkje harepusar?
Fleirkulturelt perspektiv
Oppgåver Trekk saman Utvid
- For dei minste: La elevane teikne ei scene frå filmen som dei hugsar spesielt godt. Elevane kan også uttrykke noko av det dei har sett i leire eller trolldeig.
- For dei som er litt større: La elevane skrive med eigne ord kva tankar/assosiasjonar dei har til ordet krig. Kva for nokre nye tankar dukkar opp etter denne filmen?
- For dei største barna: “Krigen døyr aldri, han berre sovnar av og til. Og når den sover må vi vere veldig forsiktig så vi ikkje vekkjer han”, seier Florians pappa. Kva betyr dette?
Fleirkulturelt perspektiv
Ressursar hos RVTS:
Lyd som verkemiddel i film Trekk saman Utvid
Sjå filmen ein gong til og prøv å leggje merke til kva slags lyd som blir brukt i dei ulike scenene:
- anslaget av filmen (start): lyd av krigsfly
Fleirkulturelt perspektiv
- når Florian drøymer om å gifte seg med Malene: glad og munter musikk
- pappa drar ut i krigen: lyd av tordenvær og regn
- krigsscena: skarpe trommelydar
- avslutninga av filmen: glad, hurtig og munter musikk når Florian og Malene møtest igjen
Ein animasjonsfilm har i utgangspunktet ingen lyd i det heile. Derfor blir all lyd lagt på filmen i etterkant. Snakk litt om lyd som verkemiddel i film og kva val ein regissør har. Kva gjer lyden med oss? Kva assosiasjonar får vi?
Fleirkulturelt perspektiv