filmrommet logo
Oversikt Bendik og monsteret Tospråkleg fagopplæring

Bendik og monsteret

Undervisningsopplegg
Tospråkleg fagopplæring
5.-7. trinn
Norsk,Samfunnsfag
Opplegget er utarbeidd av Norgesfilm AS og tilpassa tospråkleg fagopplæring ved Lene Cherize Haugland Sirevåg.
Rettleiing til lærar

I undervisningsopplegget ligg det konkrete tips til korleis du kan tilpasse arbeidet til elevar i klassen din frå Ukraina. Spør deg sjølv om du kan pedagogisk grunngi oppgåvene dine osv., ut i frå eit fleirkulturelt perspektiv. Bruk gjerne denne rettleiinga til lærer/tospråkleg lærer som hjelp.

Tips: Dette undervisningsopplegget inneheld fleirkulturelle perspektiv til nytte for lærar/tospråkleg lærar. Dei fleirkulturelle perspektiva er markerte med raudt og blir opna/blir lukka ved å klikke på teksten fleirkulturelt perspektiv.

Relevante kompetansemål Trekk saman Utvid

Samfunnsfag (SAF01-04) for 5.-7.trinn 

  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne

Norsk (NOR01-06) for 5.-7. Trinn

  • beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål
  • utforske og reflektere over sammenhengen mellom språk og identitet
Fleirkulturelt perspektiv

Grunnleggjande norsk (NOR07-02) og Morsmål (NOR08-02) 
  • Kompetansemål i læreplan for grunnleggjande norsk og morsmål er aldersuavhengig og inndelt i tre nivå som gjer at relevante kompetansemål knytt til dette opplegget må leggjast lokalt. Kva nivå av norsk meistrar eleven din
  • Grunnleggjande norsk: Faget skal bidra til å gi elevane eit solid språkleg, kommunikativt og fagleg grunnlag som gjer dei i stand til å delta i sosiale fellesskap og i ordinære opplæring i alle fag
  • Morsmål: Skal gi elevane gode føresetnader for å meistre det norske språket gjennom å styrkje kunnskapane deira og ferdigheiter i eige morsmål ,Vektlegg fleirspråklegheit som ressurs: Faga skal saman fremje tilpassa opplæring for minoritetsspråklege elevar. 

Introduksjon Trekk saman Utvid

Bendik og monsteret er ein fin kortfilm om å få lov til å vere akkurat slik ein vil. Her kan du som er lærar ta opp tema som identitet, respekt, kropp og kjønn med elevane heilt ned i førskulealder.

Om filmen 

Det aller første møtet med Bendik og monsteret fekk vi gjennom Arne Svingens populære barnebokserie med same namn. Bøkene handlar om Bendik som oppdagar eit monster under senga si, men dette monsteret er ikkje som alle andre monster. Dette monsteret viser seg å ikkje vere glad i å skremme i det heile. 

Også i kortfilmen Bendik og monsteret møter vi monsteret som ikkje vil skremme, og vi får møte Bendik, ein gut som saknar ein venn. Han drøymer også om å få lov til å vere akkurat som han vil. Dette viser seg å vere ganske vanskeleg i møtet med blant anna mammas nye muskelbunt av ein kjærast.

Festivalar og spel

Kortfilmen har gjort stor suksess sidan premieren i 2014 og har blitt vist på over 50 filmfestivalar og vunne fem prisar, blant anna publikumsprisen på Palm Springs International Short Film Festival og publikumsprisen på Fredrikstad animasjonsfestival. Desember 2016 blei Bendik og monsteret-universet utvida ytterlegare med ein app som inneheld boka, filmen og interaktive spel.

Eignaheit

Denne kortfilmen passar godt til å vise på barnetrinnet, men også eldre elevar kan sjå denne filmen som ein treffande samfunnskommentar til ulike forventningar vi møtest med i samfunnet, eller som eit godt døme til temaet kjønnsidentitet.

Fleirkulturelt perspektiv
Det er her viktig å tenkje på at norsk samfunn kan ha andre forventningar knytt til tema om kjønnsidentitet og kjønnsroller samanlikna med Ukraina. Til dømes kan tradisjonelle kjønnsroller i Ukraina variere frå norske. Det er også slik at på grunn av krigen så kan oppfatningar og forventningar om kjønn frå Russland no påverke Ukrainere. Her er det ingen fasit, men det er viktig å vere medvite at det vil vere eit mangfald av perspektiv på dette, og som lærer skal du passe på at du ikkje legg fram noko som meir rett enn noko anna. Her vil dialog vere viktig og gjennom å løfte ulike perspektiv kan de saman i klassen kanskje oppnå nokre perspektivutvidingar. Det er viktig å påpeike at trass eit mangfald av perspektiv så skal alle vere verna av menneskerettane uavhengig av landsbakgrunn. test

Oppgåvesamling Trekk saman Utvid

Oppgåver i norsk 

Om karakterane:

  • Beskriv dei fire karakterane (personane) vi møter i filmen. Bendik, Monsteret, Freddy og Mamma. 
  • Korleis utviklar dei seg, og korleis er forholdet mellom dei?
  • Er Bendik ein typisk gut? Kvifor, kvifor ikkje?
  • Kva forventningar har til dømes Freddy til Bendik?
  • Monsteret er ikkje som alle andre monster. Kva liker dette monsteret å drive med 
  • Kvifor trur du monsteret er i eit skap før han skal syngje?
  • Elefantar er redde for mus- seier Bendik. Kva meiner han med dette?

Oppgåver i samfunnsfag

Kjønnsroller:

Fleirkulturelt perspektiv
Hugs at kultur og erfaringar vil påverke korleis vi tenkjer om kjønn og kva vi reknar som normalt og ikkje. Her kan det vere mange likskapar og overlappingar mellom erfaringar frå Noreg og Ukraina, men det kan også vere sentrale forskjellar knytt til kva som blir rekna som typisk jente, gut, osb. Det er også kulturelle forskjellar og ulike erfaringar mellom barn knytt til kor vann dei vil vere til å setje ord på denne tematikken. Kanskje er nokon vann til at dette er noko det ikkje snakkast om? ,

  • Forklar kva (biologisk) hunkjønn og hankjønn er?
  • Finst det berre to kjønn?
  • Kva vil det seie å vere lesbisk, homofil eller transperson?
  • Finnes det noko som er typisk gut eller typisk jente, typisk lesbisk eller typisk homofil til dømes? Forklar kvifor, kvifor ikkje.
  • Kva vil det seie å bli sett i bås?

Å vere annleis:

Fleirkulturelt perspektiv
Her vil barn frå Ukraina kanskje erfare ei uvilkårleg kjensle av å vere annleis grunna blant anna språk, nytt land, ny skule osb. Det er viktig at du som lærer er sensitiv i samtalar om dette. Kanskje kan du bruke eigne erfaringar om du sjølv har innvandra til Noreg? Eller du kjenner nokon som har, eller du har vore i situasjonar der til dømes språkbarrierar har vore store. Det finst mange grunnar til kvifor ein kan kjenne seg annleis. Ramirez og Solhaug (2014), vist til i generell rettleiing under lesetips, skriv om ungdommars erfaringar med å vere annleis i norsk skule. Denne kan vere nyttig å sjå på.

  • Kva vil det seie å vere annleis?
  • Kom med døme eller skriv ned ein gong eller ein situasjon der du har kjent deg annleis? Korleis kjende du deg då?
  • Samanlikne boka og filmen. Korleis er filmen annleis?

Sjå nærare på kjensler:

Fleirkulturelt perspektiv
Samtalar om kjensler kan setje i gang vonde minne for barn frå Ukraina som kanskje nettopp har erfart å vere veldig redde, forvirra, sinte og triste dersom dei har måtta flykte på grunn av krigen. Det er viktig å tilnærme seg dette sensitivt, ikkje legg press på, og kanskje kan B.A.I.A presentert i den generelle rettleiinga vere ein ufarleg måte å jobbe med dette på før eleven blir utfordra til å snakke om dette framfor klassen. Salole (2018), også vist til under lesetips i den generelle rettleiinga, har mange gode kapittel knytt til dette med identitet og tilhøyrsel, blant anna dette med å føle at ein høyrer til fleire plassar, eller kanskje til og med ingen plassar. Salole skriv også om ‘identitetspuslespelet' som kan vere relevant å jobbe med for barn som har måtte reise/flykte frå heimlanda sine. ,Å samtale om kjensler vil på eit generelt plan involvere store kulturelle forskjellar. Nokre barn bur kanskje i familiar der det snakkast mykje om kjensler, og andre i familiar der det ikkje snakkast om. Dette betyr at nokre barn er kanskje vant med å setje ord på kjenslene sine, mens andre barn er ikkje det. Det vil med andre ord påverke korleis du som lærer bør tilnærme deg dette og kva forventningar du skal ha til barna.

  • Kva vil det seie å bli redd, sint, glad, overraska, eller til dømes lei seg?
  • Finn døme i filmen der ein viser kjensler?
  • Kvifor trur du vi har kjensler? Har monster eller dyr også kjensler?
  • Opplever karakterane i filmen å bli til dømes redd for det same?
  • Kva gjer deg redd, eller sint eller glad? Skriv ned eller samtale om eigne kjensler.