Jeg vil aldri begynne å røyke
Kortfilmen Jeg vil aldri begynne å røyke handlar om Erik på seks år som trur at alle som røykjer, får skjegg og blir stygge. Pappa og onkel Robert røykjer og har skjegg, og biletet av oldefar som røykjer pipe, er beviset på at teorien stemmer. Oldefar var nemleg stygg og hadde kjempelangt skjegg. Når mamma ein dag tenner ein sigarett, blir Erik redd for at ho også skal få skjegg og bli stygg.
Rettleiing til deg som er lærar i vaksenopplæring
Trekk saman
Utvid
Filmen har ein humoristisk undertone og illustrerer korleis barn kan ha sin eigen logikk og trekkje slutningar på andre grunnlag enn vaksne. Den kan vere eit utgangspunkt for samtale om røyking, helseskadar av røyking og om kommunikasjon med barn om slike tema. For vaksne er det også relevant å vite noko om røykjeloven og om kva folk flest synest om røyking inne, på offentlege stader og saman med barn. For dei fleste vil det i dag vere heilt utenkjeleg å røykje inne med barn til stades slik dei vaksne gjer i denne filmen, men for ein generasjon sidan var dette mykje meir vanleg. Filmen er i svart-kvitt, og saman med til dømes klede, interiør, barberutstyr og fleire andre detaljar gir den oss inntrykk av at handlinga ikkje er frå notida, men kanskje ein generasjon eller to tilbake.
Handlinga i filmen er enkel og tydeleg og eignar seg godt til å øve på å gjenfortelje eit handlingsforløp. For deltakarar med lågt norsknivå kan det vere nok å ta omsyn til dei enkle oppgåvene som dreier seg om den konkrete handlinga i filmen. For deltakarar med høgare nivå kan det vere aktuelt å jobbe med dei oppgåvene som krev at ein innhentar annan informasjon og reflekterer over samfunnsmessige forhold og haldningar til røyking i dag.
Relevante kompetansemål Trekk saman Utvid
Døme på relevante kompetansemål frå Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar: Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar:
- beskrive og fortelje om personar, gjenstandar, stader, hendingar og gjeremål på ein enkel måte
- gjenfortelje handlinga i eit narrativ, til dømes frå ein film
- søkje etter, finne og forstå spesifikk, føreseieleg informasjon i enkle, autentiske tekstar, til dømes nettsider, brosjyrar, annonser, skilt og oppslag ,
Oppgaver Trekk saman Utvid
- Kvifor trur Erik at alle som røykjer, får skjegg og blir stygge?
- Korleis reagerer han når mora røykar, og kva seier han?
- Korleis reagerer pappa og onkel Robert når han seier at dei er stygge?
- Kvifor trur Erik at parfyme hjelper?
- Kva kjøper han for sparepengane sine? Kvifor?
- Korleis reagerer faren når han opnar gåva?
- Prøv å gjenfortelje handlinga i filmen med eigne ord.
- Ser filmen ut som han er frå notida eller gamle dagar? Kvifor? Gi døme.
- Kva synest du om at foreldra og andre vaksne røykar inne? Er det vanleg å røykje inne no for tida?
- Kva synest du om at dei vaksne røykar når det er barn til stades?
- Kunne foreldra unngått at Erik misforstår og lagar sine eigne teoriar om røyking?
- Kva synest du om at dei vaksne ler av Erik? Trur du det er nokon forskjell på kommunikasjon mellom barn og foreldre no og i “gamle dagar”?
- Korleis bør ein snakke med barn om røyking, synest du? Er det viktig at dei får informasjon mens dei er små?
- Kan røyking påverke utsjånaden sjølv om ein ikkje får skjegg og blir stygg? Korleis?
- Kva for nokre andre helseskadar og konsekvensar kan røyking føre til?
Finn ut meir Trekk saman Utvid
I Noreg har vi ein eigen lov som regulerer røyking. Den blir ofte kalla røykjeloven. Søk på nett og finn ut meir om denne:
- Kva seier loven om kvar det ikkje er lov å røykje?
- Når kom denne loven?
- Kva var formålet med loven?Spør gjerne nordmenn om loven. Korleis blei den tatt imot då han blei innført, og kva meiner dei fleste no?
Søk på nett og finn ut omtrent kor mange prosent som røykjer kvar dag no
- Korleis har utviklinga vore dei siste åra?
- Kven røykjer mest?
- Har kjønn, alder eller utdanning noko å seie?