filmrommet logo
Oversikt Tornehekken Vaksenopplæring

Tornehekken

Undervisningsopplegg
Vaksenopplæring
Vaksenopplæring
Norsk,Samfunnsfag
Opplegget er utarbeidd av Hilde Aas Rønningen og tilpassa vaksenopplæring av Hildegunn Klippen.

Tornehekken er basert på den franske barneboka Florian og Malene av Elzibieta. Boka er gitt ut på norsk hos Cappelen forlag (1994), men er ikkje i sal lenger. Den finst likevel på mange av folkebiblioteka i landet. Filmen fekk heiderleg omtale av juryen under barnefilmfestivalen i Berlin, 2002. Regissøren seier sjølv at ho hadde Balkan i tankane då denne filmen blei produsert: Korleis kunne ein forklare for barn at naboar bokstaveleg talt drep kvarandre? Sjølv om denne konflikten er over, høyrer og ser mange barn dagleg om krigar andre stader i verda. Men ofte på premissane til vaksne. Anita Killi har derfor ønskt å klargjere eit vanskeleg tema på barns eigne premissar.

Animasjonsfilmen er laga i multiplanteknikk, med opptil 10 glasplater på hyller over kvarandre. På ulike glasnivå ligg bakgrunnar, forgrunnar, cutoutfigurer, teikneanimasjon, lys, glitter, sand, gelé, dopapir og diverse andre objekt. Dette dannar det biletet som blir avfilma - ein og ei rute - av eit filmkamera som heng i taket og peikar nedover. Det tok totalt 22 månader å lage denne filmen. 

Rettleiing til deg som er lærar i vaksenopplæring
Trekk saman Utvid

Handlinga

Florian og Malene er bestevenner. Kvar dag møtest dei og leikar saman. Men ein dag kjem krigen, og dei to vennene får ikkje lenger treffe kvarandre. Dei er på kvar si side av krigen...Tornehekken hindrar dei i å møtast. Begge vennene undrast om dei har gjort noko gale, sidan dei ikkje kan leike meir. Men vennskapen overlever krigen, og historia ender godt.

Om regissøren/animatøren:

Anita Killi er norsk animatør og filmskapar. Ho har tidlegare laget følgjande animasjonsfilmar: Glasballen(1992), Sirkel (1994), Lävrasid Äigi (1996) og Kongen som ville ha meir enn ei krone (1999)

Filmen har ein enkel, stilisert og tydeleg handling med få ord. Det gjer at sjølv nykomne innvandrarar med lågt norsknivå kan forstå handlinga, også utan teksting. Filmen kan dermed brukast i klassar med blanding av nasjonalitetar, der nokon kan sjå han teksta på språket sitt og andre ikkje.

Det kan vere vanskeleg å ta opp temaet krig i ein klasse der mange nyleg har flykta frå same situasjon. I motsetning til mange andre filmar om temaet er det her verken valdelege scener eller politiske motsetningar. Likevel bør ein vere førebudd på at det kan komme følelsesmessige reaksjonar på filmen. Mange kan ha opplevd å ha venner eller familie på “den andre sida” og kjenne seg igjen i dette, og mange har barn som kanskje har liknande erfaringar og reaksjonar som Florian og Malene i filmen. For dei kan filmen vere eit utgangspunkt for samtale heime med eigne barn.

Kvar enkelt lærar må avgjere kva for nokre av refleksjonsspørsmåla som er mest relevante og kor mykje tid det er naturleg å bruke på oppgåvene. Alle kan forstå filmen, og sjølv med lågt norsknivå kan dei aller fleste klare å fortelje noko om filmen med enkle setningar, munnleg eller skriftleg. Deltakarane kan til dømes snakke om oppgåvene i par eller grupper og bruke omsetjing og felles språk som støtte ved behov, eller ein kan skrive ein felles tekst ut frå stikkord.

Tverrfaglege tema og kompetansemål i læreplanen Trekk saman Utvid

I LK20 er folkehelse og livsmeistring eit av dei tverrfaglege tema. Det er det også i Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021), som deler verdigrunnlag med den generelle delen av LK20. Innanfor temaet folkehelse og livsmeistring skal deltakarane blant anna utvikle norskferdigheiter til å vareta familieliv og eigen og eventuelle barns psykiske og fysiske helse. Dei skal også kunne kommunisere rundt tankar, kjensler, erfaringar og behov. Filmen og oppgåvene kan vere eit utgangspunkt for å snakke om både sine eigne og erfaringane, tankane og psykiske helsa til barna i samband med krig, og ikkje minst å samtale med eigne barn om dette.

Døme på relevante kompetansemål på ulike nivå

  • beskrive og fortelje om personar, gjenstandar, stader, hendingar og gjeremål på ein enkel måte
  • lese og forstå svært enkle, tilrettelagde informative og skjønnlitterære tekstar, spesielt dersom det er støtte i illustrasjonar
  • samarbeide om enkle oppgåver ved å komme med forslag, spørje kva andre meiner og be om repetisjon eller omformulering
  • gjenfortelje handlinga i eit narrativ, til dømes frå ein film
  • bruke strategiar for å kompensere for manglar i ordtilfanget, til dømes ved å fornorske ord frå andre språk han/ho kan

Oppgåver Trekk saman Utvid

  1. Forklar desse orda, eller omset til morsmålet ditt: bestevenner, leikar, bekk, krig, soldat, græt, piggtrådgjerde, forbode, kjellar, bombar, redd, skadde, snøballar.
  2. Korleis er forholdet mellom Florian og Malene? Kvifor får dei ikkje lov til å leike med kvarandre meir?
  3. Kvifor må faren til Florian dra? Kva har skjedd med han når han kjem tilbake?
  4. Faren til Florian seier at krigen er over, men Florian seier at krigen ikkje er død. Kvifor?
  5. Kva gjer Florian og Malene når dei treffer kvarandre igjen om vinteren?
  6. Prøv å gjenfortelje heile handlinga i filmen med eigne ord.
  7. Tittelen på filmen er Tornehekken. Kva assosiasjonar får du til ordet tornehekk? Kjenner du til eit eventyr om ein tornehekk? Kva for eit?
  8. Tornehekken i denne filmen er ikkje eigentleg ein hekk. Kvifor trur du dette ordet er brukt i staden for “piggtrådgjerde” eller noko liknande?
  9. Kva slags dyr er Florian og Malene? Kva heiter dette dyret på norsk?
  10. Kvifor trur du forfattaren og filmskaparane har valt å bruke dyrefigurar i staden for menneske som hovudpersonar?
  11. Korleis kan vi sjå at filmen er laga for barn? Er handlinga fortald gjennom barns auge eller auga til vaksne, synest du?
  12. Filmen fortel ikkje noko om kven som er i krig, kvifor det er krig eller kva som gjer at krigen blir avslutta. Kvifor, trur du?
  13. Det er brukt spesielle teknikkar i filmen. På kva måtar er den annleis enn dei fleste barnefilmar som blir laga i dag?
  14. Korleis er vær, årstider, lys og lydar brukt som effekt i filmen?
  15. Kva er temaet i filmen? Prøv å formulere med eit ord eller ei kort setning.
  16. Boka som filmen er basert på, blei skriven i 1994, og filmen er frå 2000. På kva måte er filmen framleis relevant i dag?
  17. Likte du filmen? Kvifor / kvifor ikkje?
  18. Kva aldersgruppe synest du filmen passar for? Kvifor?
  19. Kunne du tenkje deg å sjå denne filmen med dine eigne barn? Kvifor / kvifor ikkje?

Ekstra Trekk saman Utvid

  • Filmen Tornehekken er basert på boka Florian og Malene av den franske forfattaren Elzbieta. Boka er ikkje lenger i sal i Noreg, men ho finst på mange bibliotek. Sjekk om han finst på det lokale biblioteket ditt eller om du kan finne den digitalt.