filmrommet logo
Oversikt Bendik og monsteret Vaksenopplæring

Bendik og monsteret

Undervisningsopplegg
Vaksenopplæring
Vaksenopplæring
Norsk,Samfunnsfag
Forfatter: Hildegunn Klippen

Kortfilmen Bendik og monsteret frå 2014 er basert på Arne Svingens barnebøker om Bendik som oppdagar eit monster under senga. Dette monsteret er ikkje som andre monster. Det liker nemleg ikkje å skremme i det heile, men drøymer om å vere noko heilt anna. Bendik vil også vere den han er, men det er ikkje så lett når mammas nye bodybuilder-kjæreste prøver å få han til å vere tøff og maskulin.

Filmen har blitt vist på ei rekkje filmfestivalar og har vunne fleire prisar. Bendik og monsteret-universet har også blitt utvida med ein app som inneheld boka, filmen og interaktive spel.

Rettleiing til deg som er lærar i Voksenopplæring
Trekk saman Utvid

Sjølv om filmen er ein barnefilm, er den også relevant for vaksne, som truleg vil forstå meir av tematikken og dei språklege nyansane. Ikkje minst kan det vere nyttig for foreldre å kunne samtale med eigne barn om filmen og knytte han til tema som identitet, sjølvkjensle, kropp og kjønn. Kanskje har barna også sett filmen og snakka om han på skulen, slik at barna og foreldra får ei felles referanseramme. 

Oppgåvene kan brukast på ulike nivå, og dei kan gjerast munnleg eller skriftleg. Nokre av oppgåvene er heilt enkle og konkrete spørsmål til handlinga i filmen, mens andre er opne spørsmål som krev meir refleksjon og ikkje har noko fasitsvar. Norsknivået avgjer i kva grad deltakarane bruker morsmålet til å jobbe med oppgåvene. 

Tverrfaglege tema og kompetansemål i læreplanen Trekk saman Utvid

I LK20 er folkehelse og livsmeistring eit av dei tverrfaglege temaa. Det er det også i Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021), som deler verdigrunnlag med den generelle delen av LK20. Innanfor temaet folkehelse og livsmeistring i læreplanen for vaksne innvandrarar skal deltakarane blant anna utvikle norskferdigheiter til å test

  • vareta familieliv og eigen og eventuelle barns psykiske og fysiske helsetest
  • kommunisere rundt tankar, kjensler, erfaringar og behov og til å uttrykkje eigen identitet

Døme på relevante kompetansemål:

  • beskrive og fortelje om personar, gjenstandar, stader, hendingar og gjeremål på ein enkel måte
  • samarbeide om enkle oppgåver ved å komme med forslag, spørje kva andre meiner og be om repetisjon eller omformulering
  • forstå hovudpunkt og enkelte spesifikke detaljar i auditivt og audiovisuelt materiale, til dømes nyheitssendingar, podkastar og filmar
  • gjenfortelje handlinga i eit narrativ, til dømes frå ein film

Oppgåver Trekk saman Utvid

  1. Beskriv stemninga i starten av filmen.
  2. Kva leikar Bendik med? 
  3. Kva får Bendik av Freddy? Kvifor blir han ikkje glad?
  4. Bendik og Freddy er motsetningar. Beskriv korleis dei ser ut og oppfører seg. Korleis er forholdet mellom dei?
  5. Kvifor blir ikkje Bendik redd for monsteret, trur du?
  6. Korleis reagerer monsteret når Bendik ikkje blir redd?
  7. “Du er eit monster utanpå, men kanskje du ikkje er eit monster inni deg”, seier Bendik til monsteret. Kva meiner han med det?
  8. Kva drøymer monsteret om?
  9. «Kors på halsen, ti knivar i hjartet» seier Bendik når han lovar å ikkje le av monsteret. Kva betyr dette uttrykket? Har du eit liknande uttrykk på språket ditt?
  10. Monsteret gøymer seg i skapet før det skal syngje. Har du høyrt uttrykt “å komme ut av skapet”? Kva betyr det? Har du det same uttrykket på språket ditt?
  11. Korleis reagerer Freddy når han ser Bendik med kjole og leppestift? Kvifor reagerer han på den måten, trur du? Korleis reagerer mora til Bendik?
  12. “Elefantar er redde for mus” seier Bendik to gonger i filmen. Kva meiner han? Kven er elefant og kven er mus i denne filmen?
  13. Freddy seier også noko om mus i starten av filmen. Kva seier han, og kva meiner han med det?
  14. Korleis sluttar filmen?
  15. “No trur eg endeleg på at du vil ha meg som eg er”, syng monsteret heilt til slutt. Korleis forandrar monsteret seg mot slutten av filmen, og korleis forandrar Bendik seg?
  16. Prøv å gjenfortelje handlinga i filmen med eigne ord.
  17. Kva synest du er temaet i filmen? Prøv å formulere med eit ord eller ei kort setning.
  18. Likte du filmen? Kvifor / kvifor ikkje?
  19. Kva aldersgruppe synest du filmen passar for? Kvifor?
  20. Tenk deg at du skulle vist denne filmen i ein barneskuleklasse. Kva ville du snakka med elevane om etterpå? Har den noko å fortelje barn? 

Ekstra:

  • Det er fleire ulike dialektar i filmen. Kjenner du igjen nokon av dei?
  • Gå på biblioteket og lån bøkene om Bendik og monsteret.