filmrommet logo
Oversikt Operasjon Mumie Vaksenopplæring

Operasjon Mumie

Undervisningsopplegg
Vaksenopplæring
Vaksenopplæring
Norsk,Samfunnsfag
Forfattar: Hildegunn Klippen

Jørn Lier Horst (1970) er ein av dei mest produktive norske krimforfattarane i nyare tid. Sidan debuten med romanen Nøkkelvitnet i 2004 har han med eit par unntak gitt ut ein ny kriminalroman kvart år. Hausten 2022 kom den 17. romanen om etterforskar William Wisting, Forræderen - samtidig som den populære forfattaren var ein av profilane i programmet Forræder på tv2. 

Horst har også skrive to seriar spenningsbøker for barn og unge. Første bok i “CLUE”-serien kom ut i 2012, og serien om “Detektivbyrå nr 2” blei påbyrja i 2013 saman med illustratør Hans Jørgen Sandnes. Her møter vi barna Tiril og Oliver som løyser mysterium saman med sporhunden Åtto i småbyen Elvestad. To av desse bøkene har blitt filmatiserte: Operasjon Mørkemann i 2018 og Operasjon Mumie i 2019. 

I Operasjon Mumie kjem ei egyptisk oldtidsutstilling til Elvestad. Det skjer fleire uforklarlege ulykker på museet, og det byrjar å gå rykte om at ulykkene kjem av Tutankhamons forbanning. Tiril, Oliver og Åtto er på saka. Er det verkeleg den eldgamle forbanninga som har slått til, eller er det nokon av dei tilsette på museet som står bak?

Rettleiing til deg som er lærar i vaksenopplæring
Trekk saman Utvid

Handlinga er tydeleg og enkel å følgje, og filmen eignar seg derfor godt til å øve på å gjengi eit handlingsforløp. Historia om faraoen Tutankhamon er kjend for mange, og nokon vil kanskje bli nysgjerrig og prøve å finne ut meir på nett. “Finn ut meir”-oppgåvene kan til dømes brukast som gruppearbeid der kvar gruppe finn svar på nokre av spørsmåla og delar det dei har funne ut med dei andre i klassen etterpå.

Kvar enkelt lærer bør vurdere sjølv kva for nokre av oppgåvene som eignar seg for elevgruppa og korleis oppgåvene skal brukast. Oppgåvene har varierande vanskegrad og tidsbruk, og det er ikkje meininga at alle skal gjere alle oppgåvene. I klassar med høgt norsknivå kan ein jobbe både munnleg og skriftleg med oppgåvene på norsk og bruke dei som språktrening. I nybyrjarklassar og klassar med lågare norsknivå vil deltakarane kunne støtte seg til teksting og omsetjing både når dei ser filmen og jobbar med oppgåvene. Dei vil likevel kunne lære nokre nye ord, og ikkje minst få kjennskapar til ein populær norsk barnefilm som dei også kan sjå saman med eigne barn viss dei er foreldre. Filmen har 6-årsgrense og eignar seg for barn i fleire aldrar.

Jørn Lier Horst er eit kjent namn og ansikt for dei fleste nordmenn, men neppe for særleg mange deltakarar i vaksenopplæring, og både boka og filmen er truleg ny for dei fleste. Start derfor gjerne med den korte introduksjonsteksten under “Før du ser filmen”.

Kjerneelement og kompetansemål frå læreplanen Trekk saman Utvid

I Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021) er språklæringsstrategiar eit av fem kjerneelement. Innanfor dette kjerneelementet blir vektlagt særleg at deltakarane skal kunne trekke vekslar på eigne fleirspråklege og fleirkulturelle ressursar i språklæringa.

Med teksta film og omsette oppgåver blir deltakarane her gitt moglegheit til å bruke eige språk som ressurs både for å forstå innhaldet betre og for å samarbeide om oppgåvene. Dei andre fire kjerneelementa er også tatte i bruk i oppgåvesamlinga: Resepsjon handlar om å forstå innhaldet ein ser, høyrer eller les. Produksjon handlar om å uttrykkje seg munnleg eller skriftleg. Dei fleste oppgåvene krev samhandling i par eller grupper, og når ein legg til rette for kommunikasjon der målet er å komme fram til eller formidle innhald og innsikt, blir dette kalla mediering. Mediering går føre seg innanfor same språk eller på tvers av språk og kan vere til dømes å omsetje eller forklare eit innhald til andre. Det kan også vere å gjenfortelje noko, å vidareformidle innhald og kommentere innspelet til andre i ein diskusjon.

Døme på relevante kompetansemål på ulike nivå:

Deltakaren skal kunne:

  • beskrive og fortelje om personar, gjenstandar, stader, hendingar og gjeremål på ein enkel måte
  • forstå hovudpunkt og enkelte spesifikke detaljar i auditivt og audiovisuelt materiale, til dømes nyheitssendingar, podkastar og filmar
  • gjenfortelje handlinga i eit narrativ, til dømes frå ein film
  • forstå ein del uttalevariantar og vanlege dialektord og -uttrykk ein møter i dagleglivet
  • søkje etter, finne og forstå relevant informasjon i ulike kvardagslege informative tekstar, til dømes korte offentlege brev og dokument, nettsider og brosjyrar

Før du ser filmen Trekk saman Utvid

Jørn Lier Horst (1970) er ein kjend norsk krimforfattar. Han er utdanna ved Politihøgskolen og jobba som etterforskingsleiar heilt til 2013. Då slutta han i jobben for å vere forfattar på heiltid. Hans første kriminalroman Nøkkelvitnet kom ut i 2004, og deretter har han gitt ut ein ny roman nesten kvart år - dei fleste med politimannen William Wisting som hovudperson. ,I 2012 byrja Horst også å gi ut barne- og ungdomsbøker. Til saman har han skrive minst 30 spenningsbøker for barn og unge. Første bok i “CLUE”-serien kom ut i 2012, og året etter kom første bok i serien “Detektivbyrå nr. 2”. I denne bokserien møter vi barna Tiril og Oliver som bur i den rolege vesle byen Elvestad. Dei har sitt eige detektivbyrå og løyser mysterium saman med hunden Åtto. Serien om dei unge detektivane er ein av dei mest selde barnebokseriane gjennom tidene.

Fleire av barnebøkene til Jørn Lier Horst har blitt filmatisert, blant anna Operasjon Mumie som de skal sjå no. I denne filmen kjem ei egyptisk utstilling til museet i Elvestad. Hovudattraksjonen er ein fleire tusen år gammal mumie og ei maske av gull. Plutseleg byrjar det å skje merkelege ulykker på museet, og Tiril og Oliver set straks i gang med å etterforske. Er det ei forbanning, eller er det nokon som prøver å sabotere?

Mens du følgjer mysteriet saman med Tiril og Oliver, får du høyre ein del av historia om den egyptiske faraoen Tutankhamon. Kanskje du høyrde om Tutankhamon i historietimane då du gjekk på skulen, eller kanskje det er første gong du høyrer namnet i denne filmen. Uansett er det ei fascinerande historie som du kan lese meir om på nett viss du vil.

Nyttige ord frå filmen

Oversett til morsmålet ditt, eller forklar på norsk:

  • Detektiv
  • Mysterium
  • Museum
  • Utstilling
  • Farao
  • Ulykke
  • Forbanning
  • Amulett
  • Gravkammer
  • Arkeolog

Kva hugsar du av handlinga? Trekk saman Utvid

  1. Fortel om utstillinga som kjem til Elvestad.
  2. Kva ulykker skjer på museet?
  3. Korleis finn Tiril og Oliver ut at ulykkene ikkje er slump?
  4. Kven mistenkjer dei først, og korleis løyser dei mysteriet til slutt?
  5. Kven får dei hjelp av undervegs?
  6. Heilt til slutt i filmen stiller Tiril og Oliver nokre spørsmål. Klarte du å svare på alle?
  7. Prøv å gjenfortelje handlinga i filmen med eigne ord.

Karakterane i filmen Trekk saman Utvid

  1. Kva eigenskapar har Tiril og Oliver?
  2. Kva er det som gjer at dei er gode detektivar?
  3. På kva måtar er dei like, og på kva måtar er dei ulike?
  4. Oliver er først veldig sikker på at dekoratøren er uskyldig. Kvifor, trur du?
  5. Vi høyrer mange ulike dialektar i filmen. Kjenner du igjen nokon av dei?
  6. Kva landsdelar kjem desse personane frå, trur du? ,Tiril og Oliver - museumsdirektøren - dekoratøren - onkel Fred - bestefar - tjuvane

Diskuter Trekk saman Utvid

  1. Kva aldersgruppe synest du filmen passar for? Kvifor?
  2. Kan barn lære noko av filmen, trur du?
  3. Kva fag passar filmen i viss han skal brukast på skulen?
  4. Kva synest du om filmen? Vil du tilrå han for barn?
  5. Kva adjektiv synest du passar til denne filmen? Er den til dømes morosam, realistisk, spennande, kjedeleg, dramatisk, lærerik, sjarmerande, skummel, interessant, urealistisk, humoristisk - eller er det andre adjektiv som passar?
  6. Mistenkte du rett person tidleg i filmen, eller var det andre personar du mistenkte? Kvifor?
  7. Lærte du nokon nye ord av å sjå på filmen? Kva for nokre?
  8. Liker du å lese kriminalromanar eller sjå kriminalfilmar for vaksne? Fortel!

Finn ut meir Trekk saman Utvid

  1. Bruk internett og finn ut meir om Jørn Lier Horst. Kva tv-serie var han med i hausten 2022? Kva heiter hans siste kriminalroman? Kor mange bøker har han gitt ut til saman? Har nokon av bøkene blitt omsette til fleire språk? Kor jobba han før han blei forfattar på heiltid? Kva for nokre av bøkene hans har blitt filmatisert? Kva for ei av barnebøkene hans har også blitt teaterframsyning?
  2. Søk på Tutankhamon på nett og finn bilete av dødsmaska hans. Ser ho ut som maska i filmen?
  3. Finn ut meir om Tutankhamon: Omtrent når levde han? Kor gammal var han då han blei konge, og kor gammal var han då han døydde? Kven gifta han seg med? Når blei grava hans funne, og kva var spesielt med ho?

Ekstra
Trekk saman Utvid

  1. Finn ei melding av filmen på nett og les den. Er du einig i omtalen av filmen?
  2. Skriv di eiga filmmelding. Tenk at målgruppa for filmen er barn i barneskulealder. Gi også terningkast frå 1 til 6.
  3. Gå på biblioteket og vel ei bok eller lydbok av Jørn Lier Horst som du har lyst til å lese eller høyre. Fortel nokon i klassen om boka etterpå.
  4. Den første filmen om Detektivbyrå nr 2 heiter “Operasjon Mørkemann”. Kva handlar han om? Lån gjerne filmen og sjå den.