Dyrene i Hakkebakkeskogen
I undervisningsopplegget ligg det konkrete tips til korleis du kan tilpasse arbeidet til elevar i klassen din frå Ukraina. Spør deg sjølv om du kan pedagogisk grunngi oppgåvene dine osv., ut i frå eit fleirkulturelt perspektiv. Bruk gjerne denne rettleiinga til lærer/tospråkleg lærer som hjelp.
Tips: Dette undervisningsopplegget inneheld fleirkulturelle perspektiv til nytte for lærar/tospråkleg lærar. Dei fleirkulturelle perspektiva er markerte med raudt og blir opna/blir lukka ved å klikke på teksten fleirkulturelt perspektiv.
Relevante kompetansemål Trekk saman Utvid
Samfunnsfag (SAF01-04) for 5.-7.trinn
- reflektere over kvifôr konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høgre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
- gi døme på kva lovar, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
Norsk (NOR01-06) for 5.-7. Trinn
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- beskrive, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål
Fleirkulturelt perspektiv
Introduksjon Trekk saman Utvid
I Hakkebakkeskogen er Klatremus og dei små vennene hans i konstant fare for å bli etne av Mikkel Rev og andre rovdyr som ikkje klarer å skaffe seg mat på ærleg vis. Når Petter Pinnsvin i tillegg prøver å ete fornuftige Morten Skogmus bestemor si, er det på tide å lage ein lov for å regulere lovløysa i skogen. Bjørnen Bamsefar hjelper dei med å innføre loven: No skal alle dyra i skogen vere venner og det er forbode å ete kvarandre. Men Mikkel Rev er framleis svolten.
Dyrene i Hakkebakkeskogen er animasjonsfilm-versjonen av Thorbjørn Egners klassiske forteljing ”Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen”. Thorbjørn Egner (1912-1990), som i tillegg til å vere forfattar også var teiknar og visediktar, presenterte opphavleg historia om Klatremus og vennene hans som barneunderhaldning på radio i 1952. Seinare skulle historia bli gitt ut i bokform – og dessutan bli framført som teaterframsyning ei rekkje gonger, av mange ulike aktørar. Egner samarbeidet med komponisten Christian Hartmann om musikken til forteljinga.
I 1966 blei ein høyrespeleversjon av stykket gitt ut på plate. Denne versjonen, som mange nordmenn har stifta god kjenning med, kan seiast å ha styrkt seg som ein klassikar i nyare norsk kulturarvegods.
Sentralt i handlinga av filmen er korleis dyra, som kan seiast å representere ulike mennesketypar, skal lykkast med å eksistere saman utan at nokon må frykte for sitt liv. Dyra i skogen blir derfor einige om å vedta følgjande tre lovar:
- Alle dyra i skogen må vere venner.
- Ingen får lov til å ete kvarandre.
- Den som er doven og ikkje finn mat sjølv, må ikkje ta mat frå andre.
… dette hindrar likevel ikkje dyra i å framleis bli styrt av dei naturlege instinkta sine.
Den kinofilmversjonen som no ligg føre er laga av Qvisten Animasjon AS. Dette animasjonsfilmstudioet er frå tidlegare kjent for filmsuksessar som Knerten-filmane, Pelle Politibil går i vannet og Jul i Flåklypa.
I animasjonsfilmversjonen har rockebandet Katzenjammer omarrangert Egner og Hartmanns musikk. Stemmene er lagde på av ulike norske musikarar og skodespelarar, eksempelvis Stig Henrik Hoff, Steinar Sagen, Frank Kjosås og Wenche Myhre.
Oppgåvesamling Trekk saman Utvid
Oppgåvene under kjem ikkje i ei bestemd rekkjefølgje. Desse kan ulike faglærarar og elevar sjølv velje blant for å rette fagutbyttet dit ein ønskjer. Merk: Det er ikkje tenkt at det skal jobbast med alle oppgåver.
Kvar enkelt lærar må gjerne, med utgangspunkt i eigen elevmasse, vurdere (og eventuelt korrigere) dei ulike oppgåvenes vanskenivå og formuleringar. Vel også sjølv om svara skal skje skriftleg eller munnleg, og om elevane skal jobbe individuelt eller i grupper. Mange av oppgåvene passar også godt til klassediskusjon.
Fleirkulturelt perspektiv
Fleire av spørsmåla/oppgåvene kan nødvendigvis ikkje svarast på ut frå informasjon frå filmen åleine. Å i tillegg gi elevane tilgang til internett og andre oppslagsverk vil vere avgjerande. Langt frå alle spørsmål vil ha klare fasitsvar.
Fleirkulturelt perspektiv
Nokre av spørsmåla/oppgåvene henspiller på mindre framståande – men viktige – element i handlinga. Det bør derfor ikkje vere for stor avstand i tid mellom forarbeid, visning og etterarbeid.
Les eller lytt til boka Trekk saman Utvid
Å saman lese Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen i bokform, er ingen føresetnad for å ha glede og faglege utbytte av filmen. Lån boka på eit bibliotek (Cappelen), eller skaff høyrespeleversjonen på plate (speletid: ca. 30 minutt).
Fleirkulturelt perspektiv
Eit meir inkluderande alternativ vil til dømes kunne vere å ta utgangspunkt i nokre sentrale ord/omgrep frå filmen og sjå på desse orda både på norsk og ukrainsk før de ser filmen.
Kva slags film skal de sjå?
Trekk saman
Utvid
I forkant av filmframsyninga, bruk litt tid på å setje dykk inn i kva slags film de skal sjå. Sjå gjerne traileren av filmen og bruk internett for å finne informasjon om forteljinga. Snakk saman i klassen om forventningar de har.
Sjå trailer til Hakkebakkeskogen på Filmweb.
Fleirkulturelt perspektiv
Thorbjørn Egner Trekk saman Utvid
Forfattaren Thorbjørn Egner har skrive mange kjende barnebøker og barnesongar. Kva kjenne de til frå før? Bruk internett og biblioteket og finn meir stoff om Egner. Lytt gjerne til songane hans saman.
Fleirkulturelt perspektiv
Spel gjerne på foreldre her. Det er viktig at du som lærer her er medviten at Hakkebakkeskogen vil for mange fødde og oppvakse i Noreg vere ei kjend forteljing, kanskje har også mange ei felles oppleving av å ha vore i Dyreparken i Kristiansand. For barn som har komme frå Ukraina vil sannsynlegvis verken Dyreparken eller Hakkebakkeskogen vere kjent. Det kan også vere at namnet ‘Dyreparken' og koplinga til Hakkebakkeskogen (dersom nokre barn tar det opp) kan vere lurt å snakke litt om og forklare til barna frå Ukraina. ‘Dyreparken' kan fungere som eit felles kulturelt refereransepunkt for ein del norske barn fordi mange har vore der, og desse referansepunkta vil vere ukjend for barn frå Ukraina. Ei moglegheit då er å snakke om at det finst dyreparkar i Ukraina, kva dyr har dei der osv. Det handlar om å prøve å skape nye felles referansepunkt i klassefellesskapet.
Karakterane Trekk saman Utvid
- I Hakkebakkeskogen møter vi mange ulike dyr. Klatremus er ein av dei vi blir best kjende med. Kva synest du er hans mest positive sider, og kva sider ved han synest du er negative? Snakk saman i klassen om kva slags type Klatremus er.
- Reven har også positive og negative sider. Kva trur du dei andre dyra i skogen liker minst og mest ved han?
- Morten Skogmus er ei fornuftig mus. Innbill deg at du skal gjere eit intervju med han (for ei avis). Skriv ned tre spørsmål du kunne ha tenkt deg å stille Morten Skogmus. Spør kvarandre i klassen kva ein trur han ville ha svart på desse spørsmåla. (De kan også improvisere eit slikt intervju ved at ein elev i klassen lèt som om han/ho er Klatremus, og svarer på ”journalisten” sine spørsmål på sparket.).
Fleirkulturelt perspektiv
Det er som nemnt i generell rettleiing meir språkstimulerande dersom eleven kjenner seg trygg til å uttrykkje seg, og det kan av og til realiserast betre i ei lita gruppe.
- Bamsefar er leiaren til dyra. Kvifor trur du dei andre dyra respekterer han så mykje?
- Vel tre av dei andre dyra i filmen, og skriv dei opp på tavla. Snakk saman i klassen og bli einige om eitt ord som beskriv kvar av dei. (Er det lett eller vanskeleg å bli einige?).
Fleirkulturelt perspektiv
Dyreriket Trekk saman Utvid
- Kva for nokre ville dyr held til i nærleiken av der du/klassen din bor? Har de sett nokon av dei dyra de såg i filmen i røyndommen?
Fleirkulturelt perspektiv
- Gå på skogstur saman! Om de ikkje får auge på ville dyr, kan de likevel sjå ulike spor etter dei. (Spor i snøen, avføring, merke etter beiting, inngang til hi, reier, trakk etc.)
- Er nokon dyr smartare enn andre dyr? Snillare? Skumlare? Slemmare? Snakk saman i klassen.
Fleirkulturelt perspektiv
- Kva er eit rovdyr? Kva rovdyr såg du døme på i filmen?
Fleirkulturelt perspektiv
- Er eit dyr som et eit anna dyr slemt? Diskuter i klassen.
- Menneska på garden fangar Brumlemann for å selje han til eit sirkus. Snakk saman i klassen om korleis dyr i fangenskap kan ha det. Kva slags dyr er det som kan like å underhalde menneske? Finnes det bur og inngjerdingar som er bra for dyr, der dyr kan trivast?
- I Hakkebakkeskogen blir dyra einige om å ikkje ete kvarandre. Kunne det ha gått an i ein skog i røyndommen? Snakk saman i klassen.
- Skriv ned ein ”klasse-lov” med tre punkt (paragrafar) som de synest er nødvendige for at alle skal kunne ha det bra i klassen din. Denne kan hengjast opp i klasserommet!
- Alle dyra i skogen må vere venner.
- Ingen får lov til å ete kvarandre.
- Den som er doven og ikkje finn mat sjølv, må ikkje ta mat frå andre.
Fleirkulturelt perspektiv
Kreative aktivitetar Trekk saman Utvid
Forming
- Kva dyr i Hakkebakkeskogen kunne du ha passa som? Lag ei teikning av deg sjølv som eit norsk skogsdyr! (Tips: Teikn ein skog på eit stort papir som kan hengjast opp i klasserommet. Dei ulike teikningane av ”dyrebarna” i klassen kan klippast ut og limast opp saman i denne skogen.)
- Kva scene/episode frå filmen hugsar du best? Lag ei teikning eller eit måleri frå denne hendinga. Gi biletet ein passande tittel.
- Lag dyremasker. Ta med desse på klassetur i ein skog i nærmiljøet, og lag rollespel.
Bakarmeister Harepus si peparkakeoppskrift:
”Når ein peparkakebakar baker peparbakekaker tar han først ei steikjegryte og ein kilo margarin. Oppi gryta smeltar smøret, og det neste han må gjere er å røre saman smøret med ein kilo med farin. Og mens smør og sukker skummar tar ein åtte eggeplommer som ein rører ut i gryta med ein kilo kveitemjøl. Og til slutt i gryta slepper ein ei lita teskei pepar og så rører ein omkring og tømmer deigen på ei fjøl.”
- Fungerer denne oppskrifta på ordentleg? Og, er det verkeleg forskjell på smaken av kaker ein har betalt for og kaker ein har stole? Bak peparkaker saman og finn ut!
Fleirkulturelt perspektiv
I Noreg er mange vann med å bake peparkaker til jul osv. Det er viktig å hugse på at dette kanskje er heilt ukjent for barn som nettopp har komme til Noreg. Det er viktig å ikkje snakke om dette som om alle forstår og kjenner til dette fenomenet.
Song
- Songane frå filmen er tilgjengelege i fleire format (mp3/strøyming, CD/LP o.a.). Høyr på musikken saman, og syng med! De kan også fordele roller og øve på å framføre enkeltscener som syngje- og skodespel.
Fleirkulturelt perspektiv
Generelle filmstudiespørsmål Trekk saman Utvid
- Kva handla denne filmen om? Beskriv med berre nokre få ord.
- Kor bra syntest du denne filmen var? Kva likte du godt og kva likte du dårleg? Snakk saman i klassen.
Fleirkulturelt perspektiv
- Kva for nokre ulike kjensler gav filmopplevinga deg? Gjorde nokon av scenene i filmen deg glad? Gjorde noko deg redd? Blei du nokon gong trist i løpet av handlinga? Rørt? Flau? Sint? Kva fekk deg til å le? Reagerte andre i klassen på same måte som deg? Snakk saman i klassen.
Fleirkulturelt perspektiv
- Skriv ei filmmelding om filmen. Fortel om kva du likte og kva du ikkje likte. Kven passar denne filmen best for? Grunngi synspunkta dine.