filmrommet logo
Oversikt Tornehekken Tospråkleg fagopplæring Rettleiing til lærar

Rettleiing til lærar/tospråkleg lærer

Forfattar: Lene Cherize Haugland Sirevåg

Dette er ei rettleiing for deg som er lærar/tospråkleg lærer i norsk skule for barn frå Ukraina. Lesar du dette så har du valt å ta i bruk eit pedagogisk opplegg knytt til ein film frå Filmrommet. Dette opplegget finst på norsk og er no omsett til ukrainsk og russisk. Intensjonen med rettleiinga er å gi deg ei kort innføring i kva det vil seie å jobbe med fleirspråkleg og fleirkulturell opplæring. Rettleiinga og opplegget inneheld tips og råd til korleis fleirspråkleg og fleirkulturelle perspektiv på pedagogikk kan styrkje praksisen din i møte med barn med ein annan språkleg og kulturell bakgrunn enn den tradisjonelt norske.

Dette opplegget som no er omsett til ukrainsk og russisk er med på å realisere eit styrande prinsipp i norsk skule: retten til tilpassa opplæring for alle barn i Noreg. Overordna del av lærarplan, punkt 3.2 er tydeleg på at skulen skal leggje «til rette for læring for alle elevar og stimulere motivasjonen til den enkelte, lærelyst og tru på eiga meistring. Tilpassa opplæring gjeld alle elevar og skal i størst mogleg grad skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa innanfor fellesskapet. Elevar som har behov for tilrettelegging utover det ordinære tilbodet har krav på spesialundervisning».

Tilpassa opplæring handlar om at alle barn skal kjenne seg inkludert som ein del av fellesskapet i skulen, at dei opplever utbytte av undervisninga og at dei trivst på skulen. Det betyr at du som lærer må ta utgangspunkt i behovet til eleven, kunnskapar, erfaringar og føresetnader. Kultur og språk skal varetakast i skulen, juridisk gjennom opplæringsloven og pedagogisk gjennom prinsippet om tilpassa opplæring.

Fleirkulturell pedagogikk og fleirspråkleg opplæring Trekk saman Utvid

Norsk skule har alltid hatt eit mangfald av språk og kulturar då Noreg har fleire anerkjende nasjonale minoritetar som samar, kvener og jødar. Språkleg og kulturelt mangfald har likevel dei siste åra hatt ein auke i norsk skule, og delen barn med innvandrarbakgrunn har blitt større. Barn med ein annan språkleg og kulturell bakgrunn enn den tradisjonelt norske er ei svært mangfaldig gruppe, og dei er i Noreg av ulike årsaker. Noko desse barna har likevel til felles er at dei har eit anna morsmål enn norsk, og foreldra deira har ofte ein annan etnisk og kulturell bakgrunn enn den norske.

Mange skular vil kanskje hevde dei er fleirkulturelle fordi det går mange barn på skulen med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. Dette er ein utilstrekkeleg grunn då det ifølgje sentrale forskarar på feltet, som J.A Banks, vil vere handteringa til skulen av mangfald som vil vere ein indikator på om ein skule er fleirkulturell. Handtering av mangfald inneber ifølgje Banks at mangfald ikkje berre blir feira og blir synleggjord på enkelte dagar, men at det aktivt blir synleggjort og blir aktivert i innhaldet i undervisninga, i kunnskapssynet som blir formidla og at det blir jobba for ein likeverdig pedagogikk. Eit prinsipp om likeverdigheit inneber forståing for at det er ein viktig forskjell mellom likskap og likeverd. Det er ikkje eit mål at alle skal bli eller vere like, men at alle skal oppleve og erfare likeverd, og få like moglegheiter gjennom skulen.

Dersom du har ukrainske barn i klassen din som nyleg har komme til Noreg vil det bety at desse barna kan lite norsk og vil ha ukrainsk som morsmål. Då inneber dette at du som lærer må prøve å leggje til rette for at elevane du har kan forstå og delta i mest mogleg at det pedagogiske opplegget som resten av klassen jobbar med. Ein måte å gjere dette på er å bruke dei pedagogiske opplegga på Filmrommet som no er omsett til Ukrainsk. Dette opplegget kan brukast i ein kombinasjon med det norske til dømes ved at elevar frå Ukraina og tospråkleg lærer jobbar med ukrainsk versjon og resten av klassen og kontaktlærar/faglærar jobbar med norsk versjon. Då kan lærar og tospråkleg lærar samarbeide for at barn frå Ukraina kan delta så mykje som mogleg inne i klassen, men likevel forstå innhaldet av det som det blir jobba med. Korleis dette blir løyst i kvar enkelt situasjon, må tilpassast lokale forhold og behov.

Dersom du ikkje kjenner det frå før, vil det vere til stor hjelp for deg å gjere deg kjend med ulike delar av læreplanverket knytt til språklege minoritetar. Desse læreplanane har kompetansemål delt inn etter nivå og fleire vil vere relevante for dette pedagogiske opplegget.

Opplæringslovas paragraf §2.8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar:

Elevar i grunnskulen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

UDIR: Læreplan grunnleggjande norsk: relevans og verdi:

Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Faget skal bidra til å gi elevane eit solid språkleg, kommunikativt og fagleg grunnlag som gjer dei i stand til å delta i sosiale fellesskap og i ordinær opplæring i alle fag. Slik kan faget leggje grunnlaget for samfunnsdeltaking og vidare kvalifisering for yrkesliv.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Gjennom arbeid med faget skal elevane oppleve at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skulen og i samfunnet. Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar skal bidra til at alle elevar får like moglegheiter til å delta i skulen og i samfunnet og legg på den måten til rette for livsmeistring, medverknad og demokratisk deltaking. Faget skal anerkjenne og byggje vidare på dei språklege og kulturelle erfaringane til elevane og ferdigheiter. Slik kan faget vareta og styrkje menneskeverdet og identiteten til den enkelte, og det kulturelle mangfaldet og fellesskapet i skulen og i samfunnet samla sett.

Det sentrale i læreplan for grunnleggjande norsk speglar og kan vere ei god rettesnor for fleirkulturell og fleirspråkleg opplæring.

Lenkje til læreplanar for språklege minoritetar Trekk saman Utvid
Råd for å lykkast med fleirkulturell og fleirspråkleg opplæring: Trekk saman Utvid

  • Prioriter tolk er det behov – unngå at barnet/ungdommen er tolk.
  • Aktiv bruk av og samarbeid med tospråkleg lærar.
  • Engasjer, inkluder og informer foreldre!
  • Sjå språkleg og kulturelt mangfald som ressurs, ikkje eit problem!
  • Ikkje la barnet bli ein representant for heimlandet sitt/kultur/religion, barnet er eit individ! Det vil vere store variasjonar mellom erfaringar barn frå same land har.
  • Bruk læreplanar knytt til grunnleggjande norsk, morsmål og tospråkleg fagopplæring aktivt.
  • Reduser tempo i plenumssamtalar: gi minimum 3-5 sekund ‘tenkjetid'. Dette vil hjelpe barn som lærer norsk og det vil auke moglegheitene for at fleire elevar kan svare og delta i dialogen.
  • Brukar mindre arbeidsgrupper: Det er språkstimulerande å ha dialog med færre, samanlikna med å følgje ein plenumsdialog.
  • Innramming av fagstoff utover norsk kultur og kontekst.
  • La barn med eit anna morsmål enn norsk aktivt bruke morsmålet sitt. Aktiv bruk av eige morsmål er viktig for språkinnlæring av andrespråk. Dette kan gjerast gjennom å til dømes lytte til filmar og jobbe med tilhøyrande oppgåver på morsmåla deira som dette opplegget byggjer på.
  • Anerkjenn erfaringane og kunnskapane til barnet.
  • Ikkje la språkferdigheitene til eleven i norsk redusere dei generelle forventningane dine til barnet i andre fag. Det er forskjell på lærevanskar og det å ha norsk som andrespråk!
  • Ver medvite kulturelle referansar, metaforar og ord & uttrykk du bruker i undervisninga: til dømes finst det mange ord og uttrykk eller metaforar som baserer seg på ein norsk kontekst og dette kan vere ukjent for mange barn.

Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) Trekk saman Utvid

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring, Nafo.no, har ei eiga ressursside for Opplæring av barn unge og vaksne frå Ukraina. Denne ressursen inneheld mange tips om alt frå språkopplæring til korleis snakke med barn om traume og vanskelege livssituasjonar.

Gå til andre gode ressursar levert av NAFO.

B.A.I.A - Ei tilnærming for dialogskaping og tillitsbygging Trekk saman Utvid

Denne tilnærminga kan vere fin å jobbe med som ein del av å bli kjend, for å skape dialog og byggje relasjon. Dette kan også jobbast med dersom barnet seier lite, eller det kan verke som om barnet mistrivst og har det vanskeleg. Det er viktig å understreke at eit barn i klassen din frå Ukraina kan ha erfart alvorlege traume som følgje av krigen, då er det viktig at du gjer deg kjend med dette og søkjer ressursar som handlar om det å snakke med barn om traumatiske opplevingar. Til dømes har Nasjonalt senter for vold og traumatisk stress mange gode råd om dette.

Dette kan teiknast, blir måla, blir bygd, blir leika, blir spelt ut i rollespel eller snakkast om:

  1. Bevisstgjering: Gjere taus kunnskap = synleg = Pakke ut kofferten! Mange barn kan føle at dei plutseleg ikkje kan noko når dei kjem til eit nytt land med mykje nytt. Då kan det vere fint å bli mint på alt dei kan og veit frå sitt eige heimland. Dokumenter oppveksterfaringar: Oppveksterfaringar finst i minne, språk og ulike referansepunkt som feiringar, tradisjonar osb. Minner kan vere gode og vanskelege.
  2. Aksept: Her kan du jobbe med forsoning knytt til det å ha flytta, flykta, ny livssituasjon. Snakk saman om og utforsk kjensler barnet kan kjenne på som tap, brot, sakn etter noko eller nokon osb. Dette kan vere alt frå tap av eit søsken, til det å ha mista ein kjær kosebamse eller eit kjæledyr, eller sakna etter ein hage, ei stove eller eit spesielt tre dei pleidde å klatre i. Her vil det vere store variasjonar mellom barn, nokon erfarer dette som vanskeleg, andre ikkje.
  3. Integrering: Hjelp barnet til å vere aktivt til ulike delar av oppveksten sin. Ha dialog om reisa, flukt, flytting, tilhøyrsel, annerledeshet, der følar du at du høyrer heime osv.
  4. Aktivering: Halde historiene og erfaringane levande. La barnet få leike det ut, fortelje, forklare! Ver ein nysgjerrig voksen som har tid til å lytte til barnet. Støtt barnet i å setje ord på erfaringane, både på norsk og morsmål. Støtt barnet i å kunne fortelje om erfaringane sine også til andre.

For utdjuping av tilnærminga B.A.I.A:

  • Salole, L. (2018) Identitet og Tilhørighet (Kapittel 12, s.272-273)
  • Salole, L. og van der Weele, J. (2010) Oppvekst i mellomland. Psykologiske perspektiver på en oppvekst i bevegelse og stillstand. I: Drønen, T.S og Skjortnes, M. (red) Med Hjertet på flere steder. Om barn, misjon og flerkulturell oppvekst. Trondheim: Tapir akademiske forlag

Lesetips Trekk saman Utvid

  • Dewilde, Joke. 2016. «I dine øyne er jeg fortapt» - flerspråklig skriving i skolen. Bedre skole 2/2016. Utdanningsforskning.no.
  • Eide, J.B (2017) På vandring, på flukt, Migrasjon i historisk perspektiv. Cappelen Damm Akademisk: Kapittel 9: Jortveit, M. (2017) Skolen i det flerkulturelle Norge, s.209-223.
  • Jortveit, M. (2018) Inkludering som rettighet, godhet og verdighet, Læreres ulike perspektiver på inkludering av språklige minoriteter. Norsk pedagogisk tidsskrift, utgave 03, volum 102, artikkel 5 av 7.
  • Jortveit, M. (2017) Kapittel 9: Skolen i det flerkulturelle Norge, i, Eide, B.J. (2017) På vandring og på flukt (open access)
  • Palm,. K (2014) Flerspråklige elever og tilpasset opplæring, i Tilpasset opplæring i forskning og praksis, Bunting M. (red) 2014. Cappelen Damm: Oslo.
  • Ramirez, C.C, og Solhaug, T. (2014) Jeg er annerledes! – en diskusjon av erfaringer med å være annerledes i den norske skolen, kapittel 8. I Kompetanse for mangfold, om skolens utfordringer i det flerkulturelle Norge, Westerheim, K. T Tolo, A. (red) (2014). Fagbokforlaget.
  • Salole, L. (2018) Identitet og Tilhørighet. Om ressurser og dilemmaer i en krysskulturell oppvekst. Oslo: Gyldendal
  • Selj og Ryen (red.) (2019). Med språklige minoriteter i klassen. Oslo: Cappelen akademiske.
  • Skrefsrud, T.A (2015) Tilpasset opplæring i det flerkulturelle klasserommet. Bedre skole, (1), s.28-32.,Spernes, K. og Fjeld, H. (2017) Vilje, men manglende handlingskraft, skolelederes forståelse av tospråklig faglæreres plass i skolens læringsfellesskap.